Seljord sogelag - tur i Svartdal
Torsdag 12.juli er det ettermiddagstur i Svartdal. Start frå Granvin kl 17.00 for samkøyring.Ein køyrer først til avkøyrslatil Svartdalsvegen (ved hoppbakken)der Anne Barstad ventarså ein kan køyre saman .Ein køyrer vidare til ovafor Lien Fjellgard ,tar første veg til høgre og køyrer oppover mot bomvegen til Ståldalsvatnet. Der startar rusleturen til Bølskvæven,ein gammal plass som no høyrer til UppigardBarstad. Ein fylgjer først grusvegen eit stykke ,så ein stig i kanten av ei ekre og vidare på ein skogsstig til Bølskvæven. Stoga der vart bygd i 1850, og også fjøset og låven står framleis. Det har budd folk fast der til første del av 1880-åra.Seinare blei det bruka til slått.Jon O.S. Barstad dreiv det fram til 1973.
Etter ei god økt på Bølskvæven , går ein tilbake til bilane og køyrer ned til Barstadbrui og opp til venstre til UppigardBarstad.Det er mykje lokalhistorie knytt til båe stadene.
Anne V. Barstad og Harald Barstad er kjentfolk og forteljararpå turen. Ta med mat og drikke.
Alle er velkomne.
Laurdag 30.juni går turen til Mevastaul-Langelid-Nystaul og Tjønnstaul. Start frå Granvin kl 10.00 med buss til Mevastaul.(NB! Parkeringsproblem for privatbilar.)Der startar rusleturen på rydda stig til Langelid.Resten av turen går på bilveg og traktorveg. Turen er relativt lett, men med område som er våtlendt(myr).Det vert ei god matpause med orientering på Kvassodde ved Langesjå.
Mevastaul er garden der den kjende rosemålaren Knut Mevastaul budde. Alle plassane ein kjem innom har si eiga historie, og det vert ein del orientering undervegs.Er det deltakarar på turen som har kjennskap til staden/området set ein pris på at dei gjer ein kjend med det.
Ragnar Haugstøl køyrer bussen og er også turleiar og forteljar saman med Jon Funner.
Ta med mat og drikke og sitjeunderlag.
Alle er velkomne!
Sogevandringa torsdag 22.mars gjeng til Ytre Nes.
Start frå Frivilligsentralen kl 10.00 med buss (kr 50,-).
Ragnar Haugstøl er sjåfør og forteljar på bussen. Ein køyrer ut Garvikstrondi og møter historia om Bjønnesteinen og Leikarvollbekken før ein svingar inn i tunet på Nes.
Frå 1750 og til i dag har same slekta ått garden. Gamlestova,som er i bruk i dag, er bygt i 1765. Storspelemannen Torkjell Haugerud åtte Nes og budde der i mange år. Så i denne stova har det vore mykje spel av han,og også av andre spelemenn. Av andre kjende folk veit ein at folkeminnesamlarar som Jørgen Moe, M.B.Landstad og Olea Crøger også har vitja garden.
Det er få gardar som har så mange og velhaldne hus som Nes. Vonar mange har høve til å vere med på denne interessante lokalhistoriske vandringa.
Etter turen vert det høve til å kjøpe mat på Frivilligsentralen.
Alle er hjarteleg velkomne !
Seljord Sogelag og Frivilligsentralen .
Torsdag 5. april blir det sogevandring til garden Gjelstad i Åsgrend. Start frå Frivilligsentralen kl 10.00 med buss(kr 50,-).
Gjelstad var rekna som fullgard i 1647 (gard som betala full skatt). Fleire av gardane i Åsgrend har opphaveleg vore eindel av Gjelstad, anten som øydegardar, plassar , staular, eller sjølvstendige gardar. Husa der er gamle. Stabburet t.d., er eitjarebur med årstalet 1505. Elles får me høyre om stadnamnsom Jørundshopp og Gjelstadholet. Ragnar Haugstøl er med både som sjåfør og forteljar.
Etter sogevandringa er det høve til å kjøpe kaffi og noko å bite i på Frivilligsentralen.
Alle er velkomne.
Seljord Sogelag og Frivilligsentralen er arrangørar.
Torsdag 19.april går turen til Dyrskuplassen. Start frå Frivilligsentralen kl 10.00 med privatbilar. Først vitjar ein Gonge-stoga. Der budde Hølje Gonge (1819-1889). Då han var rundt 10 år blei han lam i føtene og fekk store vanskar med pusten. Dette gjorde at han levde resten av livet sitjande i ein kubbestol på husmannsplassen Gonge på Seljordsheia.
Hølje Gonge var ein framifrå god treskjerar. I 1851 tok han del på Verdsutstillinga i London. Der vart det stilt ut ei tine i tre høgder som han fekk 2.premie for. Han selde mykje av det han laga gjennom ein kjøpmann i Kristiania. Hølje laga også hardingfeler, og han spela litt sjølv óg. Bergit Telnes vil fortelje meir om Hølje Gonge når ein er på Dyrskuplassen.Sara Fjågesund Aase vil spela hardingfele.
Så går turen til Sterke-Nils-stoga. Denne stoga stod på plassen Langedal i Trollebotn. Det var Nils Olavsson (Sterke-Nils) frå Brunkeberg som rudde denne plassen og bygde stoga. Nils levde store delar av 1700-talet (om lag 1720-1800). Jørund Telnes har skrive om denne kjempe-karen i band 1 av Telnesskriftene. Det var Hølje Gonge som var hovud-informanten om Sterke-Nils. Historia er skriven på vers, og dei fleste av versa blir sungne på ulike folkemelodiar. Ragnar Haugstøl vil syngje nokre viser , og både han og Bergit vil fortelje om Sterke-Nils.
I om lag 20 år blei det framført tidsbilete frå livet til Sterke-Nils i samband med Dyrskuen. Det finst film av dei fleste, og ein vil få sjå ein del av dei på Frivilligsentralen etter vitjinga på Dyrskuplassen. Der vert det også høve til å kjøpe føremiddagsmat.
Seljord Sogelag og Frivilligsentralen ynskjer vel møtt til denne lokalhistoriske vandringa.
Torsdag 3. mai blir det sogevandring til Uppigard Natadal i Flatdal. Start frå Frivilligsentralen kl 10.00 med buss ( kr 50,-)
Garden Natadal er truleg frå 1000-talet, og eldste skriftlegekjelde er i eit skinnbrev frå 1423 om ein rettstvist. Midt på 1800-talet blei garden delt i Nigard og Uppigard. Turen går til Uppigard. Husa er for det meste frå 1700-talet, men Riksantikvaren har i vinter datert øvste del av loftet til 1431.
«Natadal» tyder «garden der det veks hasselnetar», noko som er uvanleg så høgt over havet, 420 m. Det kjem truleg av at garden ligg i ein solkvæv der det er lognt. Det var difor det her i 1769 blei planta dei fyrste aplane i Flatdal. Bakgrunnen var at sonen på garden hadde lært seg å pode frukttre. To av aplane står enno i frukthagen og er Telemarks eldste nolevande epletre.
På 1700-talet var Natadal Flatdals nest største gard ( etterSkeie ) og hadde 11 husmannsplassar. Det var den beste tida for garden, og eigaren, Høye Evensøn Natadal, ville gjerne markere seg som rik og mektig. Difor bygde han hus med grovt magatægt timmer og breie himlingsbord, opptil ein alen breie. Han gav også i 1761 ny altartavle til Flatdal kyrkje. Der har han fått med namnet sitt med like store bokstavar som Gud.
Mette og Dag Aanderaa kjøpte tunet i 1976, og har frå 1979 drive garden med sau og jordbær. Dei siste åra har det blitt mest turisme med selskap, kurs-konferanse, bussgrupper og bryllaup. Husa er tekne ned og sett opp att med tanke på bruk i turismen. Dag Aanderaa vil fortelje om garden og vise rundt. Etterpå vil det bli høve til å kjøpe kaffe og kake. Vel møtt til ei interessant sogevandring.
Arrangør er Seljord Sogelag og Frivilligsentralen.
Torsdag 24. mai har sogelaget tur til Noristog Bjaaland i Morgedal. Start frå Granvin kl.17.00 for samkøyring.
Garden ligg høgt og fritt med flott utsikt over bygda. Aslak Slettemeås vil vise oss rundt og fortelje om garden. Her er det m.a. eit loft frå Svartedauen og ei stoge frå 1850. Aslak er ein«tusenkunstnar» som driv med mange slags aktivitetar. I verkstaden vil me sjå noko av det han driv med: Dreiing av stolpar, lagar «ølhøner», takker og anna trearbeid. Aslak er òg ein dyktig ølbryggar, og kanskje gir han oss nokre gode tips?
Ta med niste. Det blir kaffipause i låven. Deretter vil Sigrid Strondi følgje oss opp til Sondre Norheim stoga på Øverbø og fortelje om staden.
Alle er velkomne til ein interessant tur i vakre omgjevnader.
Torsdag 7.juni har Sogelaget tur til Øverlandsgrenda.Dette er grenda inn frå Grunningsdalvegen(bomveg).Start frå Granvin kl 17.00 for samkøyring.På den første garden,Øverland Nordre får ein parkere bilane.Der vert det fortalt om rosemålaren,Olav Torjusson, som har dekorera i stoga der.
Ein vandrar vidare innover vegen til Øverland Søndre,skrivargarden.Sorenskrivaren Christian Christoffersen Rock budde her frå 1662.
Turen vidare går forbi den store ”Lindi”fram til Dalen med svært god utsikt mot Brøløs.Så kjem ein opp til garden Åsland, og går vidare opp til Øvre Åsland det det høver mrd kaffipause med storslagent utsyn mot Skorve og Hattefjell.Etter pausa finn ein stigen som nokre hundre meter lenger framme går forbi tufta etter plassen Berge, og endar til sist på Husaas.
Turleiar er Johannes Hovda.Ta med kaffe,turdrikke og sitteunderlag.
Velkomne til ein triveleg tur i Øverlandsgrenda.