Torsdag 7.juni har Sogelaget tur til Øverlandsgrenda.Dette er grenda inn frå Grunningsdalvegen(bomveg).Start frå Granvin kl 17.00 for samkøyring.På den første garden,Øverland Nordre får ein parkere bilane.Der vert det fortalt om rosemålaren,Olav Torjusson, som har dekorera i stoga der.
Ein vandrar vidare innover vegen til Øverland Søndre,skrivargarden.Sorenskrivaren Christian Christoffersen Rock budde her frå 1662.
Turen vidare går forbi den store ”Lindi”fram til Dalen med svært god utsikt mot Brøløs.Så kjem ein opp til garden Åsland, og går vidare opp til Øvre Åsland det det høver mrd kaffipause med storslagent utsyn mot Skorve og Hattefjell.Etter pausa finn ein stigen som nokre hundre meter lenger framme går forbi tufta etter plassen Berge, og endar til sist på Husaas.
Turleiar er Johannes Hovda.Ta med kaffe,turdrikke og sitteunderlag.
Velkomne til ein triveleg tur i Øverlandsgrenda.