Laurdag 30.juni går turen til Mevastaul-Langelid-Nystaul og Tjønnstaul. Start frå Granvin kl 10.00 med buss til Mevastaul.(NB! Parkeringsproblem for privatbilar.)Der startar rusleturen på rydda stig til Langelid.Resten av turen går på bilveg og traktorveg. Turen er relativt lett, men med område som er våtlendt(myr).Det vert ei god matpause med orientering på Kvassodde ved Langesjå.
Mevastaul er garden der den kjende rosemålaren Knut Mevastaul budde. Alle plassane ein kjem innom har si eiga historie, og det vert ein del orientering undervegs.Er det deltakarar på turen som har kjennskap til staden/området set ein pris på at dei gjer ein kjend med det.
Ragnar Haugstøl køyrer bussen og er også turleiar og forteljar saman med Jon Funner.
Ta med mat og drikke og sitjeunderlag.
Alle er velkomne!