Torsdag 19.april går turen til Dyrskuplassen. Start frå Frivilligsentralen kl 10.00 med privatbilar. Først vitjar ein Gonge-stoga. Der budde Hølje Gonge (1819-1889). Då han var rundt 10 år blei han lam i føtene og fekk store vanskar med pusten. Dette gjorde at han levde resten av livet sitjande i ein kubbestol på husmannsplassen Gonge på Seljordsheia.
Hølje Gonge var ein framifrå god treskjerar. I 1851 tok han del på Verdsutstillinga i London. Der vart det stilt ut ei tine i tre høgder som han fekk 2.premie for. Han selde mykje av det han laga gjennom ein kjøpmann i Kristiania. Hølje laga også hardingfeler, og han spela litt sjølv óg. Bergit Telnes vil fortelje meir om Hølje Gonge når ein er på Dyrskuplassen.Sara Fjågesund Aase vil spela hardingfele.
Så går turen til Sterke-Nils-stoga. Denne stoga stod på plassen Langedal i Trollebotn. Det var Nils Olavsson (Sterke-Nils) frå Brunkeberg som rudde denne plassen og bygde stoga. Nils levde store delar av 1700-talet (om lag 1720-1800). Jørund Telnes har skrive om denne kjempe-karen i band 1 av Telnesskriftene. Det var Hølje Gonge som var hovud-informanten om Sterke-Nils. Historia er skriven på vers, og dei fleste av versa blir sungne på ulike folkemelodiar. Ragnar Haugstøl vil syngje nokre viser , og både han og Bergit vil fortelje om Sterke-Nils.
I om lag 20 år blei det framført tidsbilete frå livet til Sterke-Nils i samband med Dyrskuen. Det finst film av dei fleste, og ein vil få sjå ein del av dei på Frivilligsentralen etter vitjinga på Dyrskuplassen. Der vert det også høve til å kjøpe føremiddagsmat.
Seljord Sogelag og Frivilligsentralen ynskjer vel møtt til denne lokalhistoriske vandringa.