Torsdag 3. mai blir det sogevandring til Uppigard Natadal i Flatdal. Start frå Frivilligsentralen kl 10.00 med buss ( kr 50,-)
Garden Natadal er truleg frå 1000-talet, og eldste skriftlegekjelde er i eit skinnbrev frå 1423 om ein rettstvist. Midt på 1800-talet blei garden delt i Nigard og Uppigard. Turen går til Uppigard. Husa er for det meste frå 1700-talet, men Riksantikvaren har i vinter datert øvste del av loftet til 1431.
«Natadal» tyder «garden der det veks hasselnetar», noko som er uvanleg så høgt over havet, 420 m. Det kjem truleg av at garden ligg i ein solkvæv der det er lognt. Det var difor det her i 1769 blei planta dei fyrste aplane i Flatdal. Bakgrunnen var at sonen på garden hadde lært seg å pode frukttre. To av aplane står enno i frukthagen og er Telemarks eldste nolevande epletre.
På 1700-talet var Natadal Flatdals nest største gard ( etterSkeie ) og hadde 11 husmannsplassar. Det var den beste tida for garden, og eigaren, Høye Evensøn Natadal, ville gjerne markere seg som rik og mektig. Difor bygde han hus med grovt magatægt timmer og breie himlingsbord, opptil ein alen breie. Han gav også i 1761 ny altartavle til Flatdal kyrkje. Der har han fått med namnet sitt med like store bokstavar som Gud.
Mette og Dag Aanderaa kjøpte tunet i 1976, og har frå 1979 drive garden med sau og jordbær. Dei siste åra har det blitt mest turisme med selskap, kurs-konferanse, bussgrupper og bryllaup. Husa er tekne ned og sett opp att med tanke på bruk i turismen. Dag Aanderaa vil fortelje om garden og vise rundt. Etterpå vil det bli høve til å kjøpe kaffe og kake. Vel møtt til ei interessant sogevandring.
Arrangør er Seljord Sogelag og Frivilligsentralen.