Torsdag 24. mai har sogelaget tur til Noristog Bjaaland i Morgedal. Start frå Granvin kl.17.00 for samkøyring.
Garden ligg høgt og fritt med flott utsikt over bygda. Aslak Slettemeås vil vise oss rundt og fortelje om garden. Her er det m.a. eit loft frå Svartedauen og ei stoge frå 1850. Aslak er ein«tusenkunstnar» som driv med mange slags aktivitetar. I verkstaden vil me sjå noko av det han driv med: Dreiing av stolpar, lagar «ølhøner», takker og anna trearbeid. Aslak er òg ein dyktig ølbryggar, og kanskje gir han oss nokre gode tips?
Ta med niste. Det blir kaffipause i låven. Deretter vil Sigrid Strondi følgje oss opp til Sondre Norheim stoga på Øverbø og fortelje om staden.
Alle er velkomne til ein interessant tur i vakre omgjevnader.