Sogevandring til Øvre Sandsdalen
Torsdag 5.mars går den fyrste sogevandringa i 2020 til Øvre Sandsdalen.
Frammøte kl 10.00 på Frivilligsentralen. Ein fyller bilane og køyrer til staden.
På Øvre Sandsdalen budde kunstnar-paret Ingebjørg Kasin Sandsdalen (1915-2003) og
Halvor J.Sandsdalen(1911-1998).
Begge to skreiv lyrikk og prosa.Sjølv om Ingebjørg debuterte seint(35 år gamal),rakk ho å gje ut 20 diktsamlingar og 8 bøker som blir klassifisert som lyrisk prosa og romanar.Best kjent er romanserien om Zacharias Skancke som var prest i Seljord i 56 år på 1600-talet.
Halvor var utdanna agronom.Han arbeidde som journalist,forfattar og folkeminnesamlar.I tillegg til lyrikk,romanar og noveller skreiv han fleire skodespel(Seljordspel),høyrespel og barnebøker.Det blei om lag 40 bøker alt i alt.Geirr Lystrup har gitt ut CD-en”Kom sol på alle mine berg”med tekstar av Halvor til tonar av Sigmund Groven.
Halvor J.Sandsdalen hadde kunstnarløn frå Seljord kommune frå 1979,og Ingebjørg fekk kunstnarløn frå 1984.
Begge blei tildelt kongens fortenestemedalje i 1996.
Den 5.mars vill ein minnast desse to ved først å ta turen til garden der dei budde.Etterpå går turen tilbake til Frivilligsentralen der det vil bli fortalt litt frå liva deira,og lese fleire av dikta deira. Svanhild Rui Gustavsen vil ta seg av Ingebjørg sitt liv og dikting. Ragnar Haugstøl vil synge og fortelje,og Bergit Lisleåsheim Telnes vil også ta del med opplesing.
På Frivilligsentralen kan ein sjå ei lita utstilling av 12 dikt med illustrasjonar som blei laga til 100-års-
Jubileet for Halvor J.Sandsdalens fødsel.
På Frivilligsentralen vert det også høve til å kjøpe mat.
Alle er velkomne helsar arrangørane Seljord Sogelag ,Nasjonalt Landstadsenter
Husmannsplassvandring med Seljord Sogelag 12.september.
Frammøte ved Granvin kl. 10.00 for samkøyring med privatbilar til grendehuset i Nordbygdi. Der startar vandringa på mòsasida langs Langvendavegen.Der ein få høyre om folk og hende. Ein tek ein avstikkar til Homsås.På turen vidare får ein høyra om m.a.desse plassane :Langedrag, Hartholl, Rolfshus, Gottenborg, Fleinsborg og Langvenda.
Det blir veksling mellom veg og terreng, men etter Langvenda er det sti / terreng til ein møter vegen til Raudkleiv.
Matpausa blir på Slåttemyrane. Så ruslar ein vidare mot Raudkleivskòte der ein får høyre meir om dei som har trakka vegen før oss. Til slutt går me ned bakkane til Granvin.
Der er det parkert nokre bilar for å køyre sjåførar tilbake til Nordbygdi for å hente bilane som er parkera der.
Turen er relativt lett, men det er nokre fuktige parti, så støtt og vasstett fottøy er ein fordel.
Jon Funner er turleiar og Ragnar Haugstøl er med som forteljar.Veratterhald.
Alle er hjarteleg velkomne til å vere med.
Mange i Seljord Sogelag vil lære meir om skulpturane som finst i nærmiljøet.
Kven har laga dei-og kva vil dei fortelja ?
Då høvde det godt at kunstforeninga dette året vil lage ein guide for kunst i offentlege rom i Seljord.Sogelaget-i samarbeid med kunstforeninga-vil ta med folk på ein ettermiddagstur torsdag 2.juli.Vandringa startar ved kunstlåven(ved ungdomsskulen)kl 17.00.Alle har sett skulpturen der,men veit kanskje mindre om den store,nesten mystiske ,tredelte skulpturen.
Vidare ruslar ein til Granvin Kulturhus der ein finn minne om flyulukka på Skorve under krigen. Ved hovudinngangen er også dugnadsånda i bygda konkretisert i ein todela skulptur.Andre delen finn ein på baksida av bygningen! Kvifor det?
Turen går vidare ut mot E134.Fesjåbygda blir materialisera i dei store,raude kyrne ved innkøyringa til Brøløs.Ein fin,ny gangveg går under storvegen og ut mot Nes til ”Tuft”,draumen til Gunnar Torvund som vart verkeleg i det store nordiske skulpturprosjektet.På ”Tuft” tar vi ei lita kaffipause,så tak med kaffi og litt å bite i.
Vegen tilbake til Låven går forbi Nestunet og Nesbukti med ein kikk på ”Kvilebenken” ved Borgen.På vegen går ein forbi bysta av Viggo Ullmann før ein er tilbake til starten. Fleire kunstnarar blir med på turen.Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på vandringa.