Sundag 11.juni Heildagstur frå Langlim til Gullnes . (Husmannsplassar ved Sundsbarmvatnet , malteserkorsa ved Kåveroe og Gullnes )
Sundag 16.juli Heildagstur i Grunningsdalen
Laurdag 19.august Bygdedag på Øvstveiten
Sundag 27.august Brynesteintur frå Eidsborg (Heildagstur)
Torsdag 14.september Ettermiddagstur til Øverbø og andre plassar i Morgedal
Torsdag 25.mai (Kr.ihimmelfartsdag) vert det vandring etter den gamle ridevegen mellom Moen i Øvre Bø og til Vebekkdalen. Vegen er delvis ødelagt av moderne vegprosjekt, men på Seljordssida er den tydeleg å gå på.
Startar frå Granvin kl 10.00 med buss . Ein vert fyrst sleppt av bussen for å gå den gamle ,fint oppmura vegen langs Hagadrag . Der vert ein plukka opp av bussen for å bli kjørt til utgangspunktet for gåturen. Den fyrste halvdelen av turen går langs tømmerveg, men der er ein del svært fuktige parti. I ei fjellkløft ,det høgaste punktet på turen ( ca. 280 m), går vi over til stig / terreng ,og her er det eit litt myrlendt parti. Etter kvart finn ein den tydelege ridevegen og får eit fint utsyn over Seljordsvatnet. Her i lia vert det ei god matpause. Stigen vidare går forbi plassen Mastekåsa og vidare til Vebekkdalen. Der vil bussen etter kvart ta oss opp.
Ein håpar på fint ver og vil bruke den tida som trengst , så sett av dagen til denne turen. Turen er middels lett, men ein treng støtt og vasstett fottøy. Lengda er ca 3 - 4 km. Hugs niste .
Alle er velkomne.
På tur med Seljord Sogelag
Torsdag 27.juli vert det ein ettermiddags/kveldstur til Grunningsdalen .
Start frå Granvin med buss kl 17.00.
På veg oppover vert det orientering om Øverlandsgrendi og gardane Tvingelid og Reinstaul. Like ovafor Reinstaul finn einei informasjonstavle om eit krigsminne frå 1822. I Grunningsdalen vil Turid Sælid orientere om ulike stader og kulturminne ein kjem fram til. Det er også fritt fram for andre til å bidra med det de veit.Lengre framme stoppar bussen , og ein tek ei stutt vandring til Smylimoen .
Så går turen vidare med buss ,og ein stoppar ved kulturminna kyrkjetomti, handkløyvsteinen og ved stigen til lensmannsgarden Årstaul som ligg høgt oppe i lia. Dit går ikkje turen,men ein vil få ei orientering om garden. Det var frå Årstaul dei to fangane rømde som er bakgrunnen for sogaom handkløyvsteinen. Deretter køyrer ein vidare til einsnuplass innanfor Nymoen , staule under Bjørge. Derifrå vert det ei vandring på grusveg (ca 15 minutt) til Lusasken.
Soga om Guro Heddeli vert sjølvsagt også sentral på turen.Dette er ein lett tur som skulle høve for alle .Det vert også ei god matpause på turen , så hugs niste. Alle er velkomne