• Om sogelaget
    • Om Seljord sogelag
    • Informasjon
  • Artiklar
    • Nyheter
    • Arkiv
  • Planlagte turar
    • 2020
    • 2016
    • 2017
    • 2018
    • 2019
  • Bilete
    • Seljord Sogelag
    • Biletkveldar
    • Seljord Bondekvinnelag
    • Bildeinnsamling
    • Foto arkiv

Husmannsplassvandring

Husmannsplassvandring med Seljord Sogelag 12.september.

Frammøte ved Granvin kl. 10.00 for samkøyring med privatbilar til grendehuset i Nordbygdi. Der startar vandringa på mòsasida langs Langvendavegen.Der ein få høyre om folk og hende. Ein tek ein avstikkar til Homsås.På turen vidare får ein høyra om m.a.desse plassane :Langedrag, Hartholl, Rolfshus, Gottenborg, Fleinsborg og Langvenda.

Det blir veksling mellom veg og terreng, men etter Langvenda er det sti / terreng til ein møter vegen til Raudkleiv.

Matpausa blir på Slåttemyrane. Så ruslar ein vidare mot Raudkleivskòte der ein får høyre meir om dei som har trakka vegen før oss. Til slutt går me ned bakkane til Granvin.

Der er det parkert nokre bilar for å køyre sjåførar tilbake til Nordbygdi for å hente bilane som er parkera der.

Turen er relativt lett, men det er nokre fuktige parti, så støtt og vasstett fottøy er ein fordel.

Jon Funner er turleiar og Ragnar Haugstøl er med som forteljar.Veratterhald.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med.

 


Seljord sogelag: «kultur og historie» 2018/19

Seljord Sogelag: "Kultur og historie" kjem med nytt årsskrift 2018-2019 i neste veke. Boka er på omkring 280 sider med mange artiklar og variert innhald. Meir informasjon seinare. Omslag og foto: Utsyn over Flatdal.


Litt informasjon frå Skriftstyret i Seljord Sogelag

Skriftstyret i Seljord Sogelag har fått mange positive tilbakemeldingar om innhaldet i siste årsskriftet Kultur og historie 2016-2017. Salet fram til 1. februar har vore svært godt. Tilbakemeldingar bl.a. frå Libris bokhandel i Seljord, tyder på at årsskriftet var den boka som selde mest i julehandelen (desember 2016) i Seljord og visstnok også i Vest-Telemark! 

 

Meir


Copyright © Springbook 2016