Sogevandringa torsdag 22.mars gjeng til Ytre Nes.
Start frå Frivilligsentralen kl 10.00 med buss (kr 50,-).
Ragnar Haugstøl er sjåfør og forteljar på bussen. Ein køyrer ut Garvikstrondi og møter historia om Bjønnesteinen og Leikarvollbekken før ein svingar inn i tunet på Nes.
Frå 1750 og til i dag har same slekta ått garden. Gamlestova,som er i bruk i dag, er bygt i 1765. Storspelemannen Torkjell Haugerud åtte Nes og budde der i mange år. Så i denne stova har det vore mykje spel av han,og også av andre spelemenn. Av andre kjende folk veit ein at folkeminnesamlarar som Jørgen Moe, M.B.Landstad og Olea Crøger også har vitja garden.
Det er få gardar som har så mange og velhaldne hus som Nes. Vonar mange har høve til å vere med på denne interessante lokalhistoriske vandringa.
Etter turen vert det høve til å kjøpe mat på Frivilligsentralen.
Alle er hjarteleg velkomne !
Seljord Sogelag og Frivilligsentralen .