Sogevandring til Øvre Sandsdalen
Torsdag 5.mars går den fyrste sogevandringa i 2020 til Øvre Sandsdalen.
Frammøte kl 10.00 på Frivilligsentralen. Ein fyller bilane og køyrer til staden.
På Øvre Sandsdalen budde kunstnar-paret Ingebjørg Kasin Sandsdalen (1915-2003) og
Halvor J.Sandsdalen(1911-1998).
Begge to skreiv lyrikk og prosa.Sjølv om Ingebjørg debuterte seint(35 år gamal),rakk ho å gje ut 20 diktsamlingar og 8 bøker som blir klassifisert som lyrisk prosa og romanar.Best kjent er romanserien om Zacharias Skancke som var prest i Seljord i 56 år på 1600-talet.
Halvor var utdanna agronom.Han arbeidde som journalist,forfattar og folkeminnesamlar.I tillegg til lyrikk,romanar og noveller skreiv han fleire skodespel(Seljordspel),høyrespel og barnebøker.Det blei om lag 40 bøker alt i alt.Geirr Lystrup har gitt ut CD-en”Kom sol på alle mine berg”med tekstar av Halvor til tonar av Sigmund Groven.
Halvor J.Sandsdalen hadde kunstnarløn frå Seljord kommune frå 1979,og Ingebjørg fekk kunstnarløn frå 1984.
Begge blei tildelt kongens fortenestemedalje i 1996.
Den 5.mars vill ein minnast desse to ved først å ta turen til garden der dei budde.Etterpå går turen tilbake til Frivilligsentralen der det vil bli fortalt litt frå liva deira,og lese fleire av dikta deira. Svanhild Rui Gustavsen vil ta seg av Ingebjørg sitt liv og dikting. Ragnar Haugstøl vil synge og fortelje,og Bergit Lisleåsheim Telnes vil også ta del med opplesing.
På Frivilligsentralen kan ein sjå ei lita utstilling av 12 dikt med illustrasjonar som blei laga til 100-års-
Jubileet for Halvor J.Sandsdalens fødsel.
På Frivilligsentralen vert det også høve til å kjøpe mat.
Alle er velkomne helsar arrangørane Seljord Sogelag ,Nasjonalt Landstadsenter