Torsdag 25.mai (Kr.ihimmelfartsdag) vert det vandring etter den gamle ridevegen mellom Moen i Øvre Bø og til Vebekkdalen. Vegen er delvis ødelagt av moderne vegprosjekt, men på Seljordssida er den tydeleg å gå på.
Startar frå Granvin kl 10.00 med buss . Ein vert fyrst sleppt av bussen for å gå den gamle ,fint oppmura vegen langs Hagadrag . Der vert ein plukka opp av bussen for å bli kjørt til utgangspunktet for gåturen. Den fyrste halvdelen av turen går langs tømmerveg, men der er ein del svært fuktige parti. I ei fjellkløft ,det høgaste punktet på turen ( ca. 280 m), går vi over til stig / terreng ,og her er det eit litt myrlendt parti. Etter kvart finn ein den tydelege ridevegen og får eit fint utsyn over Seljordsvatnet. Her i lia vert det ei god matpause. Stigen vidare går forbi plassen Mastekåsa og vidare til Vebekkdalen. Der vil bussen etter kvart ta oss opp.
Ein håpar på fint ver og vil bruke den tida som trengst , så sett av dagen til denne turen. Turen er middels lett, men ein treng støtt og vasstett fottøy. Lengda er ca 3 - 4 km. Hugs niste .
Alle er velkomne.