Lomodden
1922
Lomodden - med Seljord Sparebank og dokterbustad for dokter Hammer og familien, vel etablert etter ombygginga i 1912. Foto frå 1922, av Severin Worm-Petersen. Svein A. Norgaard var fyrst bankkasserar, seinare direktør i banken. Dessverre gjekk banken konkurs i 1929. Nye Seljord Sparebank blei oppretta i 1937. Legg også merke til kornstakkane, for det er korn og ikkje høy, truleg havre.