Lomodden
1902
Lomodden - foto av N. Orre frå 1902. Dette er det gamle Lomodden, slik det såg ut i grove trekk heilt tilbake til den fyrste landhandelen kom i gang frå 1848. Det var fyrst Jens Petter Høegh Grønn som dreiv lanhandel her, frå 1875 Olaus August Olsen. Dei dreiv også gjestgiveri her, men gjestgiveriet er faktisk eldre, noko som heng saman med at det var skysstasjon og gjestgiveri i lag her før vanleg handel på landet blei sett fri. I 1902 flytte også Seljord Sparebank frå Nordgarden til Lomodden og etablerte seg her. I 1912 bygde ein om og på til ein stor to-etasjes bygning, slik me kjenner Lomodden frå nyare tid. I tillegg kom det dokterkontor og -bustad her.