Gunhild Loftsgarden i kornåkeren på Utbøen
1900
Gunhild Loftsgarden i kornåkeren på Utbøen (havre?). Merk uthuset til venstre ved vegen ("løe") - der Statoil ligg i dag (tidl. Shell). Bak ligg Skarprud, ein gammal husmannsplass under Midbøen. Den fyrste faste skulen blei lagt til Skarprud i 1831, som kommunen kjøpte festeretten til. Skulestoga på Skarprud blei flytta til Utbøen i 1840 – det var den gamle skulen. Det var ein todelt skule, der elevane gjekk annankvar dag. Året 1840-41 var det 70 elevar her, fordelt på 38 gutar og 32 jenter. I 1872 blei dette skulehuset rive og ny Utbø skule bygd, med fleire rom - for elevar og eige husvære for læraren med familie. Foto er truleg frå omkring 1900 - eller litt før? Gunhild var født i 1865.