Handelshuset
"Handelshuset", som var eit samvirketiltak frå tidleg på 1870-talet, gjekk konkurs i 1878. Torje Lindstøl var handelsbetjent her i nokre år. Han kjøpte konkursboet og sette i gang Lindstøl Landhandel. Foto viser landhandelen frå den fyrste tida, med Torje Lindstøl og ein medarbeidar. I 1931 brann den gamle bygningen, og sonen Toralf bygde ny forretning på den same tomta.