Brøløs
1962
Gatebilde 2 frå sentrum. Til venstre Fjellheim Hotel, Tveitan Manufakturforretning, Seljord busstasjon (imellom), Skoribygget med Seljord Sparebank, skattekontor og sosialkontor og i underetasjen Reiten Slakteriforretning, bak Posthusbakken med Postbygget, Seljord Telegraf- og Telefonstasjon og til høgre Seljord Handelslag. Usikker datering, men legg merke til at Seljord Elektriske ikkje er bygd. Samtidig ser ein at Seljord Handelslag er utvida. Da er det helst tale om ei tid før krigen frå 1938 til ei tid under krigen eller like etter. Kanskje dette er frå tida like etter krigen - slutten av 1940-åra/omkring 1950? Det er fint om nokon har tankar om datering, så det er fritt fram!