Grunnmuren til Seljord Handelslag
1908
Grunnmuren til Seljord Handelslag, som stod ferdig i 1908. Seljord Handelslag blei danna som eit lutlag i 1903 med det fyrste styret samansett av Aslak Groven (formann), Knut H. Lie, Svein Runningen og Eilev O. Jore. I dei fyrste åra heldt Handelslaget til i leigde lokale på Mørkholt. Tomta kom frå Lomodden der Seljord Sparebank heldt til frå 1902. Vedtaket om leige av tomteareal blei teke i Seljord Sparebank i januar 1905. Fotografiet som viser bygging av grunnmuren kan da vera frå litt før ferdigstillinga og opninga i dei nye lokala i 1908. På andre sida av vegen ligg Posthuset med Posthusbakken og opp til venstre Solberg Fotoatelier, der fotograf Øystein O. Kaasa heldt til.