Brøløs
1915
Kort med foto frå det gamle Brøløs sentrum med Seljord Handelslag til høgre, til venstre Seljord Telefon- og Telegrafstasjon (legg merke til telefon-klåtene på veggen og telefonstolpen). Midt imot er Rørnes, lensmann Olaf Sveinsson (des. 1842-1922), tidl. lærar og stortingsrepresentant i 21 år (1883-1903) står ved telefonstolpen framfor Rørnes. Han kjøpte Rø¸rnes nokre år etter han gjekk av som lærar, i 1908, flytte hit og budde her til han døde i 1922. Til venstre framfor "Telegrafen" står Randi Tufte og til høgre framfor Handelslaget, Gunda Tufte. Dei to damene arbeidde begge på telefonsentralen, som da var avdelingskontor og hovudsentral for Vest-Telemark. Kort frå H. Wergelands Kunstforening med foto frå omkring 1915.