Seljord Pinsemenighet
1923
Foto Seljord Pinsemenighet – frå omkring 1922-1924 1. rekkje f.v.: nr. 5 Severine Skutevollen (1866-1947)(g. Nils Skutevollen), 4 barn – til Åste og Johan Skutevollen?, ei jente? 2. rekkje f.v.: nr 3 med barn på fanget Åste Skutevollen (1890-1970), til venstre truleg Guro f. Bakkan g. Bjørge (1893-1982) med barnet Knut (?) (Åste f. Haugen g. Skutevollen og Guro var syskenbarn) , nr 6 Kristine J. Skutevollen (f. 10.10.1914, 8-10 år?) 3. rekkje (bak): med gitar bak talestolen Johan Skutevollen (1881-1949), deretter Nils Skutevollen (1861-1940). Seljord Pinsemenighet - foto frå det gamle bedehuset som Indremisjonen bygde med innsamla midlar og mykje dugnad på 1870-talet. Bedehuset stod ferdig og blei innvia i 1878. Pinserørsla kom til Noreg med Thomas Barrat i 1907. 18. mai 1908 blei den fyrste menighet grunnlagt i Skien, kalla «Tabernaklet» og rørsla spreidde seg raskt ut over landet – og rekrutterte sterkt bl.a. i Telemark. I Seljord kom pinserørsla i gang omkring 1910, og overtok truleg det gamle bedehuset «Fredheim».