Klokkarstogo Pensjonat
1900
Klokkarstogo Pensjonat og vertshus - litt etter 1900. Gunhild Klokkarstogo (f. 1854) dreiv dette saman med mannen Hans Klokkarstogo (f. 1857), som elles var kjent som skipper på dampbåten "Fjøllguten" frå 1883 og i heile 50 år. Frå 1876 til 1924 var det ordinær rutetrafikk på Seljordsvatnet frå Nes til Ulvenes. Dei fyrste sju åra var Olav Tufte skipper. Så overtok Hans Klokkarstogo. I 1924 kom jernbanestasjonen i Bø, og bussruter overtok persontransport og mykje av varetransporten. På Klokkarstogo var det også møtesal, der både næringsdrivande, ulike organisasjonar og politiske lag heldt møte, spesielt var det vanleg å leggje årsmøte her med servering. Kom du langveges frå var det også overnatting for gjester på pensjonatet.