Eiusås
Gnr. 77 Bnr. 1 Eiusås i Flatdal. Foto Øystein O. Kaasa - litt etter 1900. Mange namnevarianter på denne garden: Eddingsås, Eiulvsås eller Eiulfsås, Eiufsås. Eddingsås er truleg ei fordansking, men elles er det uklart kva namnet kjem av eller tyder. Kanskje det enklaste er det beste? Eigedommen er på vel 800 mål, mest skog. I 1835/tinglyst 1841 blei plassen Kleivberg skilt ut som sjølvstendig småbruk.