Seljord Telegraf- og Telefonsentral
1900
Seljord Telegraf- og Telefonsentral. Olav Tufte dreiv fyrst hotell her, men i 1900 flytta sentralen frå Utbøen (landhandel og hotell) til Vestre Mørkholt, dvs. til Tuftes hotell og installerte seg der. Med tida voks verksemda og kravde meir plass og tok over for det tidlegare hotellet. Familien Tufte måtte også til slutt flytte ut. Seljord Telegraf- og Telefonsentral overtok heile bygningen. Gammalt foto - etter 1900 ein gong (usikker datering). Legg merke til telefonklåtene på veggen oppe til venstre.