Lakshøl Bruk
1911
Lakshøl Bruk - med fossefallet som gav liv til Lakshøl Sag og kornmøller. Ei stund var det også stor høvel for høvling av råplank her. Lakshøl er vår eldste industribedrift - med røter tilbake til 1700-talet. I tillegg til å vera eit fint fotografi, viser det Lakshøl i full drift. Usikker datering, men truleg noko tidleg på 1900-talet - eller omkring 1920? Er det nokon som har peiling? Eit modernisert Lakshøl Bruk frå omkring 1930 gav overskot av straum til eige bruk, og blei selt til fleire private kundar på Brøløs, som dermed var dei fyrste som fekk innlagt elektrisk straum til lys i kommunen. Dette var ikkje spesielt tidleg om ein samanliknar med andre kommunar i Telemark. Den eldste sag- og vasskvern skal visst ha ligge i det andre løpet (til venstre) frå tidleg på 1700-talet og framover, men forfall på midten av 1700-talet. I 1771 blei det sett opp ei ny sag- og vassmølle i høgre løp. Det blei lagt ned mykje arbeid her og med store kostnader, men som gav stor nytte for mange.