Skuleklasse med lærar Gurine Nilsen
1900
Skuleklasse med lærar Gurine Nilsen ved Utbø skule, Seljord - ca. 1900. Gurine Nilsen gjekk på Seljord lærarseminar og tok eksamen på slutten av 1890-talet (1897?). Ho var lærar i folkeskulen i Seljord i mange år. I fleire år budde ho på Nordgarden, i den store meieribygningen. Ho var også med på å stifte Seljord Ungdomslag i 1896. Ho er ei kvinne som er verdt å minnast. Det er fint om nokon gjenkjenner elevar her og melder tilbake! Ein viktig del av arbeidet med eit stadig veksande fotomateriale er å få datert bilde og finne namn på personar. Den kulturhistoriske verdien vil da bli langt større.