Seljord Skyttarlag
1903
Seljord Skyttarlag - foto frå 1903. Konflikten med Sverige og utanriksstyret hardna til - til slutt blei konflikten akutt. Krig mellom Sverige og Noreg kunne blitt ein realitet. Det som var mindre kjent var at Noreg i åra 1903-1904 hadde bygd opp fleire grensefestningar mot Sverige - og i løynd kjøpt inn moderne kanoner. I tillegg hadde landet ei aktiv frivillig skyttarlagsrørsle over heile landet som ein reserve i tilfelle krig. Trass i dette var likevel Sverige militært sterkare, men ein invasjon ville koste Sverige dyrt. Heldigvis blei det ikkje krig. Svenskane skjønna at eit større angrep og invasjon inn i landet vårt ville medføre mykje fiendskap, hat og konflikt langt inn i framtida. Og Noreg gjekk inn i Karlstad-forhandlingane med moderasjon og forhandlingsvilje. Me hadde to folkeavrøystingar. I august 1905 røysta 84 personar mot oppløysing av unionen med Sverige, i tillegg var det underskriftslister blant kvinnene (ikkje røysterett) med stor oppslutning. I den andre folkeavrøystinga i november 1905 gjekk fleirtalet inn for kongedømme. I Seljord og Vest-Telemark gjekk fleirtalet imot kongedømme, altså for republikk. Det viktigaste som skjedde i 1905 var likevel at Noreg og Sverige greidde å løyse unionsbanda på ein fredeleg måte. Det blei aldri "Balkan-tilstandar" i Skandinavia og Nord-Europa. Derfor har me fred og vennskap mellom nabolanda i dag, takk vera kloke beslutningstakarar i 1905! Og Noreg var nå fullt ut sjølvstendige, utan felles (i realiteten svensk) utanriksstyre og konge. Kampen for nasjonalt sjølvstende, vidareført frå 1814, var nå fullført.