Tveiten i Seljord
1894
Foto frå Tveiten i Seljord i 1894. Legg merke til Sjåberg rett opp for Tveiten (på andre sida av Grisejuvet), ein skimtar også litt av jordet på Bakkan under Tvingeli eit stykke opp til venstre på bildet. Personar frå høgre: Alette (Al) Talleivsdotter Aasheim (f. 1821) (mor til Ingebjørg Tveiten), Hans Kristoffersson Tveiten (1891-1973), som held bestemor Elisabet (Lisa) Kristensdtr Dalen (1823-1905) (mor til Kristoffer) i handa, Ingebjørg Jørgensdotter Tveiten, f. Aasheim (1860-1919), med vesle Ingebjørg Kristoffersdotter Tveiten (1893-1958) på armen, Tenesteguten som sit med fela, Olav Reinstaul som les avisa, Kristoffer Hansson Tveiten (1857-1942), med Jørgen Kristoffersson Tveiten (1890-1968) i handa, Tenestejenta som held kua, Elisabeth Kristoffersdotter Tveiten (1888-1978) som kjelar bikkja, Hjuring guten som held kua - og Anne Kristoffersdotter Tveiten (1887-1952) som held kalven.