Kristoffer Hansson Dalen/Tveiten (1857-1942)
1890
Kristoffer Hansson Dalen/Tveiten (1857-1942) var ein av dei store skiløyparane på 1880-talet frå Seljord og blant dei fremste i Telemark og dermed landet. Telemark dominerte skisporten i denne tidlege fase. Kristoffer voks opp på Dalen under Sudigard Øverland i Seljord. Han hadde ein eldre bror, Torkjel (f. 1846) og to systrar, Else (f. 1851) og Gunlaug (f. 1860), som begge drog til Amerika. Kristoffer kjøpte Tveiten etter skikarrieren og flytte hit og tok namnet Tveiten ca. 1890.