Nystogo Nordgarden
1920
Arbeid i skuronna - truleg er bildet teke frå jordet nedafor Nystogo Nordgarden i sør mot Bygdaråi. Bygdevegen gjekk visst tidlegare litt lenger opp (nord) over bekken og inn i Enkegata - og kan ha blitt flytta ned (sør) ikkje så lenge før dette bildet er teke. Steinmuren på vegen er godt synleg i øvre kanten av kornåkeren. Midt på bildet står Aslaug Smeland og ser fram mens ho arbeider med kornband. Aslaug Smeland vart født i 1872 og døde i 1960. Ho var gift med Hans Smeland (1872-desember 1946). Dei var småbrukarar, og Hans var kjent også som skreddar - og ikkje minst som virtuos på hardingfela. Ukjent datering, men kan det vera frå omkring 1920, noko før eller etter? Er det nokon som kan seia noko meir handfast om det?