Seljord Sogelag over Vasen
Sundag 22.septembert kan du vera med på ei spanande vandring på Valejuvvegen og over Vasen til Rønjomsgrendi.Frå Granvin i Seljord (kl 10.00)og frå Nutheim(kl 10.15)må ein køyre privatbilar mot Åmotsdal.Turen startar i Dyrlandsdalen ved bommen til Valejuvvegen,og fylgjer vegen opp til Valedammen.Der møter ein den gamle bygdevegen frå Langlim til Åmotsdal.Etter eit par kilometer kjem ein til Vasen,høgaste punktet på turen.Derifrå ber det nedover att til Rønjomsgrendi og Vehustjønni.Siste etappen går etter gamlevegen og ”Tobakkslykkjune” ned til Valebroi og tilbake til bilane..Det er ein tur med moderat stigning.Han er om lag 8 km lang,og vil vel ta rundt 4 timar.Vegen er grei å gå på,men det er godt å ha solid fottøy.For dei som ikkje ynskjer å gå heile vegen frå Rønjom,så arrangerar ein det slik at nokre bilar er parkerte der.
Ta med mat og drikke og evt noko å sitje på..Eivind Dyrland er vegvisar og forteljar.
Alle er hjarteleg velkomne.