Takk for 2024!

Category: Kommune Lokalt Ungdom Ferie

Aug 18, 2024 at 01:55 pm - Tommy Sandsdalen


Takk for 2024!

Fire veker med Sommarskulen er ved veis ende, og me vil takke for fire fantastiske veker. 

"Fint ver og snille born" - klassiker det! 
Har du fått ein ny ven eller to i løpet av Sommarskulen? Me trur det! 
Sitt du igjen med nokre gode minner frå årets sommarskule? Me håpar det. 
Sommarskulen klokkar inn på 514 aktive påmeldingar denne sommaren. Det er omtrent på høgde med i fjor kor det vart 547 aktive påmeldingar. 

Ambros, Anna, Ragnhild og Selma har verkeleg levera med glans som aktivitetsleiarar, og dei seier til meg at dei har hatt veldig bra saman med alle borna i sommar, så da velger eg å tru på det. 

Tusen takk til alle som har bidrege i sommar, lista er lang, og alle skal vera nevnt med god ordlyd tidligare i sommar. Kred til Seljord kommune som prioriterar å ha sommarskule i kommunen kåns på fjerde året. Eg trur det er mange foreldre og born som håpar det blir ny runde neste sommar.

Lykke til med skulestart på måndag. Start med å sei "Hei" til dei du møter, så hjelper du båe deg sjølv og dine medelevar med å få det triveleg i skulekvardagen framover.

Aktivitetsleiarane i 2024