Sommarskule er bare moro

Aug 05, 2023 at 05:35 pm - Tommy Sandsdalen


Sommarskule er bare moro
Glede
Det var ei stor glede å sjå så mange fornøgde born og tenåringar deltok på Sommarskulen i juni! Me som jobbar med Sommarskulen føler kånn privilegerte som leikar med og ikkje minst har gode og morosame samtaler med borna. Eit av mine høgdepunkt frå juni var da eg hadde ein skikkeleg koseleg samtale med ei jente på bussturen på veg heimatt fra klatreparken. Alle som deltek på Sommarskulen er så forskjellige med ulik form kreativitet og nysgjerrigheit i seg. Det å kunne utfalde seg og utforske på varierte aktivitar i barndommen er så viktig! Det å prøve seg på (sunne) aktivitetar ein ikkje har prøva før, gjer at både born og vaksne blir klokare på seg sjølv og står beitre rusta til å ta små og store valg i livet.

Utforsking
Sommarskulen handlar på mange måtar om interesseutforskning, tryggheit og fellesskap.

Sommarskulen prøvar å legge best muleg til rette for mangfoldige aktivitetar. Viss ein 11-åring finn ut at teikning er skikkeleg moro, så blir det plutseleg ein ny hobby, ein fristad, ein glød av indre motivasjon. Når ein heve indre motivasjon er det sjølve aktiviteten som er gleda, ein kan føle seg 100 % til stades. Det er vere til stades er ein sunn og god følelse. Det å berre vere heilt inni den aktiviteten du er med på – det er stas!

Til hausten kan ein sitte i friminuttet på skulen og glede seg til å teikne, spele musikk, lage gjærbakst eller spela fotball på kvelden.

Det å bare henge med nokon du er glad i er au ein glimrande aktivitet. Å vere glad i seg sjølv au er fint, men det er det mange som strevar med. Slik er det med kånn vaksne au. For båe born og vaksne er det ikkje alle dagar som er like morosame, men dei aller fleste stend på og gjer så godt ein kan og vil. Ingen bør forvente noko meir av deg enn at du gjer så godt du maktar.

Slik er det på Sommarskulen au; Du treng ikkje late som noko, me ynskjer bare at du skal ha det best maugleg.

Sjef i eiget liv
Det er fint å vere saman med personar du trivast med, det kan vere spanande å bli kjent med nye, og det er fint å bare vere til stades. Det er ikkje unormalt eller farleg å kjenne på uro før aktivitetar. Ofte er det slik at det er ventetida som er det verste, for når du er i sjølve aktiviteten så er du til stades. Slike følelsar forkommer vel så ofte i vaksenlivet.

I dyreriktet kan strutsen stikke huet og halsen langt nedi sanda. Det kan umiddelbart føles trygt å stikke huet nedi sanda og vere der nokre timar eller dagar, men det blir kanskje ikkje veldig spanande i lengda. Ein kan kanskje gjere det innimellom. Me ynskjer å vere sjefar i kåns eigne liv, men me ynskjer kanskje mest av alt å føle tilhørighet. Kjenne på trivsel med nokon du kan leike med, og nokon du kan vere stille saman med.

Uro og meistring
I bussturen på veg til klatreparken i juni var det mange born som kjente på litt uro. På bussturen på veg tilbake til Seljord var meistringleda stor over å ha gjennomført dagen, og kosa seg! Her fekk fleire born eit nyttig verktøy til seinare i livet med å velge uro framfor ro.

Ikkje alltid velge uro, men av og til er bra. Trur eg.

Ludvig og Solan Gundersen i Flåklypa treng kvarandre fordi han eine er ganske uroleg, og han andre trengst kanskje å jekkast ned innimellom. Saman med Reodor Felgen er dei knallgode!

Sommarskulen handlar ikkje om kven som spring fortast eller hoppar høgast. Bare møt opp og prøv, så vil du kjenne at det er moro å vere stades i ditt eiget liv. Du vil kanskje bli litt klokare på hått du likar å drive viss du prøvar ulike aktivitetar. Nokon vaksne vil betegne det som erfaringsbank.

Sommarskulen seier «Hei!» og heiar på deg uansett!

«You can discover more about a person in an hour of play than in a year of conversation»

Velkommen til Sommarskulen del 2!

Tommy Sandsdalen
Leiar av Sommarskulen’23