Vinnarane av fotokonkurransen

Category: Kultur Ungdom Samfunn Ferie

Jun 29, 2023 at 09:01 am - Tommy Sandsdalen


Vinnarane av fotokonkurransen

1. plass, Irmelin Meinstad:
Dette bildet/teksten falt juryen pladask for.

"Katten min er der alltid for meg uansett. Eg er enebarn og eg føler katten min er det nærmaste eg kjem eit søsken. Ho vil alltid være med meg og viss ho ikkje veit kor eg er mjauar ho etter meg. Så er ho så klart morosam å leike med".

Sommarskulen har motteke mange flotte bidrag til fotokonkurransen kor temaet er takknemleg. 
Juryen har landa på topp tri, og alle tri får gavekort på Norli på Telesenteret verdi 500 kr.
Gavekorta kan henta frå i ettermiddag.

1. Irmelin Meinstad, 10 år
2. Eline Edvardsen, 10 år
3. Liv (13 år) og Mari Heddejord (11 år)

Eline Edvardsen
Liv (13 år) og Mari Heddejord (11 år)