Bakom aktivitetane

Category: Idrett Kultur Kommune Skole Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Friluftsliv Jakt og fiske Ferie

Aug 05, 2021 at 12:18 pm - Hans Inge Hagen


Bakom aktivitetane

Utanom aktivitetane, som har kjernetid mellom 11-14, så jobbar me intenst med å forberede og planlegge aktivitetane fleire veker i framkant. 

Det er veldig mykje jobb å organisere aktivitetane. Me ringer og snakkar med mange folk kvar dag. Me gjer avtaler og finn løysingar på måten det skal gjerast på. Me tek hensyn til mange ting. Antall, alder, plass, aktivitør, vær og mykje meir. Alt skal passe inn i kalenderen. Det er slik, at me vil ha med så mange som råd. Det må leggast stratergiar på korleis me skal påvirke dei til å bli med. Me vil me også ha eit så vidt spenn av tema som mogeleg. Noko er ikkje mogeleg, men mykje er det. Kunst, kultur, teknologi, idrett, mat, lokal historie, leik og moro. Sammen med dei faste ordningane, som gardsbesøk og utflukter. Alt skal inn i ei stor pakke som heiter Sommarskulen'21 i Seljord kommune. Me er kjempeglade for den store interessa!