Fotokonkurranse

Så moro at du har lyst til å bli med på Sommarskulens fotokonkurranse!

Eit bilde seier meir enn tusen ord blir det sagt.

Me vil at du skal uttrykkje ein følelse med fotografiet: «GLEDE».

Det kan vere sommarglede, gjensynsglede, ferieglede, badeglede osb. Det er mange ord ein kan kombinere med ordet «glede». Du må velje den kombinasjonen som du likar best.

  • Du kan levere tre fotografi
  • Du kan velje om det skal vere svart/kvitt eller i farger
  • Du kan redigere fotografiet
  • Du gje fotografiet ein tittel
  • Fotografia leverast i god kvalitet

 

Vurderingskriterium

1.-4. kl:

  • Det må koma tydeleg fram at tittelen passar til fotografiet

 

5.-7. kl:

  • Det må koma tydeleg fram at tittelen passar til fotografiet
  • Bruk av farge, lys og f.eks. symbolikk til å uttrykke følelsen du vil få fram

8. -10. kl:

  • Det må koma tydeleg fram at tittelen passar til fotografiet
  • Bruk av farge, lys og f.eks. symbolikk til å uttrykke følelsen du vil få fram
  • Fotografiet er komponert slik at bodskapen kjem godt fram

 

Premiar:

Me delar ut tre førstepremiar pr. aldersgruppe på 1000 kr. kvar.

Bilda på 1. 2. og 3. plass i kvar gruppe blir printa ut og utstilt i biblioteket eller kommunehuset

Sommarskulen 21 - ein aktiv sommar!

Allidretten i Seljord idrettslag

Category: Idrett

May 22, 2021

Allidretten i Seljord idrettslag

Allidretten i Seljord idrettslag tilbyr vaiert aktivitet i heile sommar og så ofte det lar seg gjere. Det vil bli dans, klatring, natursti, orientering og mykje mykje meir.

Seljord Turlag

Category: Friluftsliv

May 22, 2021

Seljord Turlag

Me i Seljord Turlag har sommarskule for barn den fyrste veka i sommarferien. Bli med på dette oppe i Raudkleiv. Kjempemoro. Telemark turistforening DNT kjem med mange instruktørar.

Seljord Jakt og Fiskelag

Category: Friluftsliv Jakt og fiske Fjell

May 22, 2021

Seljord Jakt og Fiskelag

Likar du å fiske eller jakte, så vil SJFL arrangere ein eller fleire turar i sommer. Følg med.

Konkurransar

Category: Kultur

Konkurransar

I sommar kan du bli med på ulike konkurransar innan kunst, kultur og handverk. 

Ledige stillingar / ferdig

Category: Kommune

Jun 01, 2021 - Hans Inge Hagen

Ledige stillingar / ferdig

Sommarjobb som Aktivitetsleiar
i Sommarskulen-21 i Seljord har ansatt 6 personar.

Me er på jakt etter ansvarsfulle og motiverte, lokale ungdomar mellom 17-25 år, som kan jobbe med barn og unge under Sommarskulens aktivitetar i Seljord, Flatdal og Åmotsdal utover sommaren.

Bjørge besøksgard, Seljord

Category: Lokalt Ferie

Jun 14, 2021

Bjørge besøksgard, Seljord

Bjørge Besøksgard ligg sentralt i Seljord ved foten av Bjørgefjell. Open besøksgard om sommaren, eit mangfold av dyr, produksjon av iskrem og overnatting.