Sommarhjølpi!

Treng du hjelp til små oppgåver i heim og hage?

Då kan du bestille ein elev frå Sommarskulen til å gjere jobben for deg.

Prisar og avtaler


Ein skuleelev mellom 8 og 10 klasse er klar for oppdrag. Du kan gjere avtale over tid, om eleven ynskjer det. Ellers, så bestiller ein per gong.

Det kostar ikkje stort, men det skal kome begge partar til gode. Eleven skal tene og kunden skal få det i orden.

Eleven skal ikkje være ansvarleg for å stille med nødvendig utstyr. Dette sørgar oppdragsgjevar for.

Prisane for tenestane er som følger:

Prismålestokk: 1 time av 80,- per time

Eksempel:

- klyppe plenen

2 t

160,-

- vaske bilen

1 1/2 t

120,-

- gå ærend

1 t

80,-

- lufte hunden

1/2 t

50,-

 


Arbeidet blir tidskalkulert av Aktivitetsleiarane i Sommarskulen. Tidforbruk og pris er ikkje diskutabelt eller forhandlingmogeleg.

 

Bestilling


Du bestiller hjelp ved å sende e-post til:

bestilling@sommarskulen.no

 

Eller ringe/sms til ein av

aktivitetsleiarane på:

 

Karsten 980 87 439

Thomas 980 87 438

Ragnhild 980 87 436

 

Sommarhjølpi vil ha gul t-skjorte på, slik at du kjenner dei igjen. Har dei ikkje, så skal du ikkje ta i mot hjelp eller betale for tenesta.

 

Du signerar eit hjelpekort og skriv dato, tid og beløp. Hjelpekortet fungerar som ein kvittering mellom elev og arbeidsgjevar.

 

Kunden betalar hjølpi direkte via kontantar eller vipps (om det lar seg gjere). Sommarskulen tar ikkje i mot betaling.

2. Aug. 09:00

Ledig

2

Påmeldte 29

Gruvevandring


Amdals Verk

Bli med på Gruvevandring i flotte Åmdals Verk gruver. Dette er ein kald tur inne i fjellet. Det blir satt opp buss.

Tags: Museum tur
3. Aug. 11:00

Ledig

2

Påmeldte 13

Matglede - filmsnacks


Skulekjøkkenet

Me set opp ei nytt matkurs med tema: «filmsnacks». Prioriterer dei som ikkje har vøre med før. (Alle etter kl 19 på måndag, om ledig)

Tags: Mat
3. Aug. 17:00

Ledig

2

Påmeldte 24

Karate+Film


Dojoen i Seljord

Bli med ned i Seljords tøffaste lokale. Dojoen i Seljord Næringsbygg er kjempeflott og egna til mykje aktivitet og sosiale samankomstar.

Tags: Film kino karate
4. Aug. 11:00

Ledig

40

Påmeldte 10

Tvekamp


Banen i Flatdal

Tvekamp i Flatdal. Me vil ha øvelsar inspirert av Farmen, som: saging, spikring, mjølkespannhalding og taugtrekking m.m.

5. Aug. 11:00

Ledig

31

Påmeldte 4

Gardsliv på Bjørge


Besøksgard Bjørge

Bli med på gardslivet på Besøksgard Bjørge kvar torsdag frå 11-14. Her kan du oppleve livet på garden på nært hald. Mange dyr, stort tun og flotte liar å gå i.

Tags: Gard
6. Aug. 10:00

Ledig

46

Påmeldte 4

Utflukt til Kråkeroe


Kråkeroe

Denne fredagen vil me gjerne ha deg og familien din med oss til ein av dei nordlegaste staulane me har i kommunen.

Tags: Utflukt
10. Aug. 20:00

Ledig

330

Påmeldte 20

Kreative konkurransar


Konkurransar

Konkurransane er i gang. Moro at du har lyst til å bli med på Sommarskulen sine kreative konkurransar! Det er 3 konkurransar med tema "Glede". Teikning, skriving og fotografi. Innleveringa er 10-12 aug.

Tags: konkurranse
18. Aug. 10:00

Ledig

93

Påmeldte 7

Sommarhjølpi


Seljord kommune

Treng du litt sommarjobb i sommar? Da kan du melde deg opp her.

Tags: sommar jobb hjelp

Skrivekonkurranse

Så moro at du har lyst til å bli med på Sommarskulens skrivekonkurranse!

Teiknekonkurranse

Så moro at du har lyst til å bli med på Sommarskulens teiknekonkurranse!