Prosjektet Sommarskulen-21 er Seljord kommune tilbod til barn og unge igjennom heile sommarferien. For å få dette til, så har Sommarskulen-21 tilknytt seg fleire sammarbeidspartnerar. Lista oppdaterar seg fortløpande igjennom sommaren, som det kjem nye til. Me er utruleg glade for å ha sammarbeid med:

- Seljord idrettslag
- Seljord jakt- og fiskelag
- Flatdal idrettslag
- Seljord Røde Kors
- Kjos staulsdrift
- Besøksgard Bjørge
- Kråkeroe staulsdrift
- Ønsket&Elsket og Seljord kyrkje
- SFO og skulen
- Sneiet i Åmotsdal
-Telespinn i Svardal
- TOYOTA Seljord - utlån av gratis bil
- Kjetils Tur - Transport

... oppdaterast fortløpande, som avtalene blir gjort.

Sommarskulen handlar hovedsakeleg om å skape minner for livet!

Me vil at du skal få oppleve ting, saman med dine vener. Det kan både vera nye, som gamle. Det å leike og ha det moro i saman, skapar sterke og gode relasjonar.

Me har ein grunnstein i Sommarskulen, som skal passe på at alle er trygge og glade på aktivitetane me driv på med. Ein av hovudoppgåvene våre, som aktivitetleiarar, er å sjå kvar enkelt. Passe på at du blir med, om du vil. Trøste deg, om det er vanskeleg. Støtte deg, om det trengst. Me er alltid der.

Det å sjå glade elevar i full aktivitet, om den er fysisk eller i konsentrasjon, gjer kånn veldig glade, au. Me håpar på at mange får stort utbytte av dei små og dei store aktivitetane, me steller i stand. Og tilbodet er stort og variert.

La sommaren i år, bli ein av dei du hugsar!

Helsing
Sommarskulen
i Seljord kommune

I dag starta det 3 nye aktivitetsleiarar; Thomas Kluskens Liane, Ragnhild Slade og Karsten Nieuwenhuize. Det skal bli velsig moro å jobbe med dykk fram mot skulestart 18. august. Karsten og Ragnhild bur i Flatdal, mens Thomas bur i Seljord. Velkomne skal dykk vere!