Sommarskulen handlar hovedsakeleg om å skape minner for livet!

Me vil at du skal få oppleve ting, saman med dine vener. Det kan både vera nye, som gamle. Det å leike og ha det moro i saman, skapar sterke og gode relasjonar.

Me har ein grunnstein i Sommarskulen, som skal passe på at alle er trygge og glade på aktivitetane me driv på med. Ein av hovudoppgåvene våre, som aktivitetleiarar, er å sjå kvar enkelt. Passe på at du blir med, om du vil. Trøste deg, om det er vanskeleg. Støtte deg, om det trengst. Me er alltid der.

Det å sjå glade elevar i full aktivitet, om den er fysisk eller i konsentrasjon, gjer kånn veldig glade, au. Me håpar på at mange får stort utbytte av dei små og dei store aktivitetane, me steller i stand. Og tilbodet er stort og variert.

La sommaren i år, bli ein av dei du hugsar!

Helsing
Sommarskulen
i Seljord kommune