Bringsåsnuten
Bringsåsnuten er ein kjent og kjær liten nut midt i sentrum av Seljord. Det er eit flott utkikspunkt mot Seljordvatnet i front, ned mot sentrum, mot Dyrskuplassen til høgre og Bjørgeøyane mot venstre. Snur ein seg rundt ser ein rett oppover mot Skorve (1369 moh) Denne lille og lett tilgjenngelige nuten kan nåast på fleire måtar. Om ein tar utgankspunkt i parkeringa på Eventyrøy, så går ein opp til kyrkja og baksida langs Prestegardsvegen og opp stien til Bringsøs. Derifrå, gjeng ein gjennom byggefeltet og opp vegen mot toppen. Får ein endar denne vegen, tek ein av til høgre inn på stien som fører direkte opp til toppen (235 moh). Ein kan også velge å gå opp Gamle Gullnesveg eller opp «skulestien». Turen tar ikkje meir en ca 30 min. normal gange. Ein treng verken stor niste eller robuste sko. Toppen er av reint berg og ein bør passe på barn. Det kan være litt skummelt, da det er bratt skrent på framsida. Alternativ rute er fra Granvin opp Gravshaugane til Bringsås.