Hestenutan
Frå Gjuvland er turen opp til toppen av Hestenutan ganske bratt og strevsam. Det er stigning på 170 m per 1000 m i snitt. Når ein kjem over tregrensa, så kjølar nok ein del vind deg ned, om du går på ein varm sommardag. Hestenutane er spektakulære i seg sjølv. Liknar på Alpene i litt mindre skala. Du kan gå til Hestenutane på mange måtar. Opp Finndalen i Kivledalen, frå Stav i Langlim eller fra Kvåle i Flatdal.