Urdevatnar
Til Urdevatnar, som ligg på Notodden sida av Lifjell, kan ein gå opp fra mange sider. Om du kjører innerst i Grunningsdalen frå Seljord, så kan du starte turen fra Slåkja. Du gjeng forbi Slåkja vatnet på venstre side, under straummastene og oppover langs elva Uppdøla. Her gjeng du i delvis myr og fast sti. Det gjeng opp og ned. Nokon parti er også litt vriene for dårlege bein. Du kjem så til Løyningen. Løyningstjønna og tufter av gamle staular er flott å sjå på. Du følge stien oppover til Urdevatnar. Dette er ein flott staule, som fortsatt er i drift. 3-4 hus og uthus finn du her. Ein kan ikkje så Sunnstulvatne direkte herfra. Men, gjeng du litt syr-vest over kjem du til det. Her ligg også Sunnstulen.