Nordnibba
Nordnibba har mange oppfartar. Men, køyrer du opp i Kivledalen og parkerar ved krysset til Hanakamjuvvet, så har du ein flott tur opp igjennom Finndalen. Du må fyrst opp til Høna - ein staule frå krigens dagar. Her er det mykje sti og berg. Du får blodpumpa til å gå ganske så fort her. Husk å sjå deg bakover. Flott utsikt over Kivledalen og Seljordsvatnet heile vegen oppover. Oppe ved Høna vil du finne, kanksje den flottaste utsikten av alle. Her er det fint med ein drikkepause. Du må så videre oppover og inn i Finndalen. Seljords flottaste dalføre vil nok mange sei. Her gjeng du eit par kilometer før du kjem till staulen der du skal ta av oppover mot Skorve og Nordnibba. Du vil finne mange gamle steinmurar her. Du vil også komme ganske tett på Hestenutane frå nedsida. Det er spektakulært i eg sjølv. Herfrå må du oppover lia mot toppen. Det er lengere enn du trur, så her er det bare å sette på krabbegiret og halde gjavnt tempo oppover. Igjen, husk å sjå deg bakover. Hestenutane er flotte frå denne vinkelen. Lia er bratt oppover og du må runde ein nut fyrst. Så gjennom ei ur. Ofte ligg det sno her langt utpå forsommaren. Så kjem du opp til flata, der du tek rett opp lia til Nordnibba. Da er du på 1365 moh. Herfrå ser du bort til Skorvetoppen (1369) og mot Hestenutan (1281) på Nord-Skorve. Du ser også rett ned til Flatdal og utover mot Hjartdalsfjella og Gaustatoppen langt i det fjerne. ypperleg utsikt i alle retningar. Turen er godt merka. Alternativ rute er fra Flatdalsida. Oppfrå Speikland eller fra Gjuvland. Sjå turen til Hestenutane for kartdetaljar. Mange vil også gå fra Gøysen (sør) og bak til Nordnibba. Eller motsatt veg. Det er ein fin rundttur.