Grimaren
Grimaren er ein flott topp å besøke. Det er ikkje så langt å gå, men ganske bratt er det. Du startar frå parkeringa på Grimås (bomveg nederst i Grunningsdalen). Du gjeng på sti hele vegen. Noko svaberg og berg undervegs. 1 km opp i lia vil du kunne gå opp den gamle slalåmbakken, som låg der. På toppen av den er det skilta til Grimaren (venstre) og vidare til Tjorbu og mot Bø og Hollane rett fram. Oppe på toppen er dei ei ny raud DNT postkasse. Mange gjeng også vidare herfra mot Røysdalsnuten, som ligg eit stykke lengere inn og opp i Lifjell. Utsikten frå Grimaren går mot Skorve og Mælefjell. Ein ser ikkje ned mot Seljord sentrum særleg godt.