Gøysen
Turen opp til Gøysen er kanskje ein av dei mest kjente i Seljord. Det er fleire vegar opp, men om ein tek utgangspunkt i parkeringa ved Haugan i Kivledalen, så skal du lett finne fram. Parkeringa er grei og kostar 20 kr. Du gjeng herfrå på¥ traktorveg eit godt stykke. Du kan ta ein snarveg opp stien nokon hundre meter opp. Så kjem bratta. Ein traktor veg med rullestein. Ikkje særleg morosam, men du må opp her. Deretter opnar utsikten over Åsheimgrendi og Seljordsvatnet seg. Du kjem opp til den gamle «hangleiderrampa». Her er det verd å ta ein kikk og litt drikke. Vidar opp på traktorvegen 3-400 meter. Du kan nå ta stigen opp til Karlstaul eller du kan gå videre. Du vil då kome opp til Listaul ved tregrensa. Nokon hundere meter oppe i stigen vil du få krysset der du, den eine vegen kan gå til det amerikanske flyvraker, og den andre vegen beint opp til Gøysen. Det er lengere opp til toppen enn det du ser. Lett å bli lura og dermed også litt oppgjeven. Men, stå på så står du der brått. God tur!