Kyrkjeskogen
Dette er kanskje den mest kjente turen i Flatdal, etter Bindingsnuten. Denne eventyrskogen er godt bruka til leik, idrett og ekspedisjonar av born i bygda. Og det er ikkje så rart, slik den tette skogen stend i møsegrodd stein og skogsbotn. Skiløypa lagar brei fin veg heile turen. Ein liten sving oppom Hagabrekka og ned under åsen lagar ein flott runde. Parkering på skulen og følg den gode skiltinga på andre sida vegen. Dette er også en lågterskeltur som egnar seg for dei aller fleste.