Raudbergnuten
Raudbergnuten (695 moh) i Nordbygdi er ei anna perle i Seljord. Her er det også usedvanlig flott utsikt over bygdi. Denne toppen har 360-graders utsikt over fjella våre. For å komme hit må du gå frå Kodde (privat eige) eller lengere borte i Runningen. Traktorvegen opp er bratt og endar i ein gamal veg/sti. Denne gjeng du på nokon hundre meter, før du følger stien til venstre opp langs berga og opp til toppen. Den blå streken viser ein alternativ start på turen. Ellers, parkering nede ved vegen i Loftsgardengrendi.