Valskarsnuten
Fantastisk flott og nær natur med stille skog og god utsikt over Seljordvatnet, Sinnesodden og mot Brøløs. Denne turen gjeng på sydlege stigar av Rundløypa, som er laga i Bjørgelia. Nydeleg å oppleve slik skog. Det er noko bratt frå starten om du velger å gå frå krysset ned mot Seljord Camping. Litt lettare om du gjeng fra Bjørge besøksgard, altså motsatt veg. Turen er på 3-4 km med ei stigning på omkring 300 meter.