Hattefjell
Hattefjell er ein nærtur med start fra Bråtenkrysset i Tømmeråsen i Seljord. Dette er ein tur, som du vil merke i lår, leggar og kne. Det er ein kort tur, men med stigning på nær 500 meter, er den hard. I starten vil du gå på sti. Etter ca 1 km kjem du inn igjen på traktorveg. Den går du heilt opp til staulen på Hattefjelltjønni. Siste stykket er på sti med litt bratt stigning. Og poff så er du på toppen, med ekn av dei flottaste utsiktene over Seljord og Seljordsvatnet. Du kan også gå fra Feten i Åsheimgrendi eller bakfra fra Kivledalen via Tjørnstaul.