Go to External Page

Prøv noko nytt

Category: Ungdom Samfunn Ferie

Jul 28, 2022 at 11:18 pm - Hans Inge Hagen


Prøv noko nytt

Me driv helst på med det me er vand med å gjere. Ein gjer ofte det ein kan og meistrar. Prestere og vise andre kva ein er god på, gjev sjølvtilit og tryggheit. Det er noko godt ved det. Gjere det ein kan. Men, ein bør også gjere det ein vil. Det du vil, uten påvirkning frå din beste ven eller gruppa du er med i.

Det å utfordre deg sjølv til å gjere det ein vil og ynskjer, er ikkje enkelt. Det kan vera flaut eller pinleg å like ting utanom det vanlege. Det er ufatteleg viktig å finne ut av det. Prøve og teste, over eit breit spekter av aktivitetar. Kanskje, likar du å sy, om du er gut. Kanskje, likar du å mekke, om du er jente. Om du er jente eller gut, betyr ikkje så mykje. Det er kva du har lyst til å gjere, som er viktig. Ein dag lagar du kanskje den tøffaste olabuksa. Eller, ein dag har du fiksa den råaste motoren.

I sommarskulen vil me at du skal prøve. Bli med, sjølv om du aldri har gjort det før. Teste det ut. Her er det ingen tabu eller fordommar. Du melder deg på, det du vil. På dei aktivitetane me sett opp, gjer alle det. Derfor, er det lite krangling og stor fokus på det me skal gjere. Du får prøve, uten at nokon ser rart på deg. Matlaging, brettspel, tegning, fotball, turar, museum, leik og moro. Ein stor ask med konfekt! Du vil alltids like noko!

helsing
Hans Inge Hagen
Leiar Sommarskulen'22