Om idrettslaget


Seljord Idrettslag er eit fleiridrettslag som per i dag har undergrupper innafor fotball, handball, ski, skiskyting, riding, friidrett og sykling og har totalt 500 medlemar. Idrettslaget er svært stolte av anlegga vi har på Eventyrøy (fotball og friidrett), Raudkleiv (alpint, ski og skiskyting) og Granvin (handball mm.) der vi er deleigar saman med Ungdomslaget og kommunen. Seljord IL har i 2017 hatt ansvar for matsalet under Dyrskun i 40 år og er ei avgjerande årleg inntektskjelde som gjer til at vi har eit allsidig tilbod til barn og ungdom med topp anlegg til ei svært låg trenings- og medlemsavgift.